Hallo Tyren! Det har sin einkle grunn av at me til no ikkje har vore så voldsomt aktive med å promotera nytt materiale, samt senda ut demoar til plateselskap. Kvifor ikkje er eit godt spørsmål, med fleire svar.. Men endring av bandmedlem, samt andre usikkerheiter rundt framtida til Sigtyr er nokon av hovudårsakene til at de ikkje har høyrt så mykje ifrå oss i det siste. Men no reknar me med at bitane byrjar å falle på plass etterkvart, og det skal jobbast for fullt på alle plan! Me har allereie eindel nytt låtmateriale som vert klart til å spelast inn rundt juletider. Denne gongen ser det ut til at me satsar på ein rein promopakke, som berre vil gå direkte til diverse selskap. Det vil sei, ikkje nokon demo som me trykkjer opp eksemplar av for salg. Forhåpentlegvis vil desse låtane bli utgitt på eit eventuelt album! :-) |